Vestnorsk fjordlandskap. Oppstart for overvaking av snøleiger i fjellet

Årstall2026TemaNatur - LandbasertGeografiGeirangerfjordområdetNærøyfjordområdetDokumenttypeRapport / Utgreiing

Hertzberg og Høitomt 2026

For å auka kunnskapen om fjellnaturen i verdsarvområdet vart det etablert overvakingsopplegg på fleire lokalitetar i verdsarvområdet i august 2025. Det vart etablert overvakingsopplegg med ruteanalysar i snøleigar og breforland, der det vart lagt ut 25x25 centimeter prøveflater med 25 småruter der alle karplantar og mosar vart registrerte etter standard metodikk. I tillegg vart det lagt ut ein 2x2 og 5x5 meter prøveflate i samband med denne, der alle karplantar vart registrerte etter standard metodikk, og dessutan alle nye mosar som ikkje førekom innanfor 25x25 cm prøveflata. Prøveflatene vart fastmerket med stålrøyr i hjørna som er koordinatfesta, og lagt i same himmelretning på alle lokalitetar, slik at det blir mogleg å rekartlegge dei. Det vart også teke fotografi ved overvakingspunkta, og dessutan av landskapet rundt, som kan brukast vidare for å studera landskapsendringar. Fotografia er koordinatfesta og med dato. I tillegg vart det gjennomført registreringar av forvaltningsrelevante artar i områda rundt prøveflatene. Fokus var på karplantar og mosar, men forvaltningsrelevante artar i andre organismegrupper vart også notert.

Det vart til saman lagt ut 17 prøveflater, fordelt på tre lokalitetar i Nærøyfjorden og to lokalitetar i Geirangerfjorden. Vêret var noko begrensande for talet på prøveflater, då mykje regn fører til problem med å registrera mosar på ein god måte innanfor prøveflatene. I Nærøyfjorden vart det lagt ut prøveflater i områda Jashaugen, Storebreen og Jonadalsvatnet. I Geirangerfjorden vart det lagt ut prøveflater på Dalsnibba og i nærleiken av Tretindnibba.

Kunnskapen om fjellnaturen innanfor verdsarvområdet var avgrensa og kartleggingane som vart gjennomført i 2025 har gitt nye data. Oppstarten av overvaking var også viktig under årets feltarbeid. Funna i snøleigene og i fjellet generelt var som forventa med ei overvekt av fattige snøleiger, men det var noko meir kalkrikt enn forventa på lokalitetane i Nærøyfjorden. Både i Geiranger og i Nærøyfjorden verkar det å vera godt utvikla snøleigesamfunn i fleire høgdelag, både på jorddekt mark og i blokkmark. Vidare vart det gjort funn av mange nye artar for verdsarvområdet, og truleg kan ein finna endå fleire artar ved å oppsøkja andre lokalitetar. Erfaringar frå andre fjellområde viser at artsvariasjonen er nokså stor, også mellom dalføre med tilsynelatande lik berggrunn.
Førebels er det i samband med feltarbeidet i fjellet funne 13 nye raudlista moseartar innanfor verdsarvområdet, i tillegg til ei rekkje meir vanlege artar av både karplantar og mosar. Ingen nye raudlista karplantar vart registrerte.

Mange av naturtypane i fjellet er raudlista som følgje av klimaendringar, med snøsmelting og heving av skoggrensa som dei viktigaste truslane. I tillegg blir nitrogennedfall nemnt som mogleg trussel i raudlistevurderingane frå 2018. Snøleigar var raudlista som sårbare (VU) i Norsk raudliste for naturtypar frå 2018. I ny raudliste for naturtypar frå 2025 er snøleigar og våtsnøleigar vurderte som sterkt truga (EN). Dette er ein naturtype som er avhengig av lengre tids snødekke og fuktig jordsmonn, og med eit varmare klima der snøforholda blir endra vil dette ha ein direkte innverknad på naturtypen. Derfor eignar også snøleigene seg godt til å overvaka endringar i fjellnaturen. Faktorar som me ikkje har høve til å styra, det vil seia klimaendringar, er dei største truslane for snøleigene.