Framifrå Universelle Verdiar (OUV) - kriterium, verdiar og delverdiar
Vestnorsk fjordlandskap framifrå universelle verdiar (OUV) oppdelt etter kriterium, verdiar og delverdiar (attributtar)
Å forvalte den framifrå universelle verdien (OUV) handlar om å ta vare på verdiane som ligg til grunn for verdsarvstatusen. Det gjer vi gjennom vern, kunnskapsbygging og berekraftig bruk, slik at verdiane ikkje blir svekte over tid.
Når vi planlegg tiltak eller vurderer endringar i verdsarvområdet, må vi derfor vite kva verdiar som kan bli påverka. Dette er viktig i mellom anna arealplanlegging, konsekvensutgreiingar og anna forvaltning.
UNESCO tilrår å arbeide systematisk med dette. Verdiane som inngår i OUV, og dei konkrete eigenskapane som uttrykkjer desse verdiane – kalla attributtar eller delverdiar – blir identifiserte og viste i tabellar og kart. Slik blir det lettare å sjå kva vi skal ta vare på, kvar verdiane finst og kva eit tiltak kan påverke.
Oversikta under viser samanhengen frå verdsarvkriterium til konkrete verdiar:
- UNESCO sine kriterium (vii) og (viii) – viste i mørke felt
- verdiane som ligg til grunn for verdsarvstatusen til Vestnorsk fjordlandskap – viste i blå felt
- attributtane/delverdiane, dei konkrete eigenskapane som uttrykkjer verdiane – viste i kvite felt
Oversikta kan brukast som eit hjelpemiddel for å sikre at viktige verdsarvverdiar blir tekne med i planlegging og forvaltning.
Oversikt over Vestnorsk fjordlandskap verdsarvverdiar (OUV) oppdelt etter kriterium, verdiar og delverdiar finn de under både som nedtrekksversjon og i PDF - versjon.
Verdsarvkonvensjonen utvalskriterium (vii)
The Geirangerfjord area
Geirangerfjordområdet, med alle landskapselement, slik området framsto visuelt i 2005.
Kjelde til informasjon: Foto og anna dokumentasjon frå 2005
The Nærøyfjord area
Nærøyfjordområdet, med alle landskapselement, slik området framsto visuelt i 2005.
Kjelde til informasjon: Foto og anna dokumentasjon frå 2005
Narrow and steep-sided crystalline rock walls
Alle bergflater og fjellveggar i fjordsidene, frå 500 meter under havoverflata til 1400 meter over, representerer ein vesentleg verdi.
Kjelde til informasjon: Kart og foto
Numerous waterfalls
Alle fossefall – det store talet eller tettheita av fossar (utallige) representerer ein vesentleg verdi.
Kjelde til informasjon: Kart og Vannportalen mv. Dei 18 største er omtalt på side 41 i søknaden.
supporting marine natural phenomena
Biologisk mangfald og terrengformer som steinrasmassar i fjordane og på fjordbotnen.
Kjelde til informasjon: Søknaden s 53-54. Naturbase.no
submarine moraines
Morenar på fjordbotn (landformer på sjøbotn- til dømes endemorenen ved Bakka?)
Kjelde til informasjon: figur 8 side 35 i søknaden syner eit døme
marine mammals
Marine pattedyr (sel, nise, kvitnos og kval)
Kjelde til informasjon: søknaden side 53. rapportar marin verneplan
supporting terrestrial natural phenomena
Dyreliv på land og i lufta (frå insekt til storvilt og rovfuglar, inkl. kulturbetinga biologisk mangfald)
Kjelde til informasjon: søknaden s 47-52 raudlisteartar og ansvarsarter. Naturbase.no
Mostly abandoned transhumant farms
Sætre og fjordgardar med tilhøyrande kulturmark og spor etter bruk har kulturell verdi som forsterkar naturopplevinga (ein vesentleg verdsarvverdi)
Kjelde til informasjon: Søknaden tabell 20 side 58. Askeladden.no. Skjøtselsplanar.
Inhabited villages and valleys
At det er bygder og gardar der det bur folk, og historiske spor i tettstader og dalføre, tilfører området ekstra verdi og interesse. Det bygde er ikkje dominerande i landskapet.
Kjelde til informasjon: Søknaden s. 58 - 60. Askeladden.no. Skjøtselsplanar. Restaureringsplanar Kommunane sine kulturminneplanar
marine mammals
Marine pattedyr (sel, nise, kvitnos og kval)
Kjelde til informasjon: søknaden side 53. rapportar marin verneplan
Verdsarvkonvensjonen utvalskriterium (viii)
Immaterielle verdiar (attributtar)
beauty, scenically outstanding, dramatic, numerous, free-flowing, rugged, human interest,
Estetikken og inntrykkstyrken til landskapet vart i 2005 evaluert og karakterisert som av framifrå verdi. Den sterke attraksjonskrafta til området er grunnlaget for 150 år med reiseliv.
The West Norwegian Fjords
Fem fjordar er utpeika av Unesco som typelokalitet for alle fjordlandskap i verda.
Sunnylvsfjorden, Tafjorden, Geirangerfjorden, Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden
Kjelde til informasjon: Kart Unesco
Active geological processes
Pågåande erosjon, forvitring og ras er døme på aktive prosesser som utgjer ein vesentleg verdi i fjordlandskapet
geological setting
Geologien, hydrologien og geokjemien (the geological setting) utmerker seg i dette området (korleis mineralar, bergartar og vatn verkar saman) med eit særprega klima. Verdien set fokus på heilskap og samanheng mellom det som skjer på og under bakken, i eller under fjorden.
Ice- and wave-polished surfaces of the steep fjord sides
Alle is- og bølgeskura bergflater og bratte fjellsider i området representerer ein vesentleg verdi (gjer det mogleg å lese den geologiske historia)
different morphology, geology and geomorphological features ……and its geological evolution.
Det at landformer og særtrekk i dei to delområda er ulike og utfyller kvarandre er ein vesentleg verdi. Det er dei to delområda i lag som kvalifiserer som verdsarv. Den geologiske historia og spor etter den er viktig
Kjelde til informasjon: Tabell 3 side 14 i søknaden
geology
Berggrunnen eller geologiske førekomstar som ikkje er synlege (under bakken) er ein vesentleg verdi. (avklart gjennom IUCN rådgivande rapport)
Kjelde til informasjon: Tabell 3 side 14 i søknaden
deep rock basins
Djupvassbassenga i fjordane slik dei er naturlege gjennom den geologiske historia
Kjelde til informasjon: Tabell 3 side 14 i søknaden, samt skildring s 28-39 (naturbase.no).
prominent rock thresholds
Tersklane i fjordane som ikkje består av lausmassar
high and steep cliffs
Bratte fjellsider har stor verdi
slide scars
Rasrenner
avalanche deposits
Ur og rasmassar. (Omfattar også rasmassar på fjordbotnen)
moraines
Morer (landforma)
deposits
Morenejord (jordarten)
hanging valleys
Hengedalar
fish-hook or agnor valleys
Agnordalar
glaciers
Brear (Fresvikbreen, Syrdalsbreen Skjærdingsdalsbreen, Flydalsbreen, Hestebreen mv).
rivers
Elver
Kjelde til informasjon: Side 40 og 41 i søknaden
waterfalls
Fossar
Kjelde til informasjon: Side 40 og 41 i søknaden
catchment areas
Nedbørsfelt
Kjelde til informasjon: Side 40 og 41 i søknaden
Immaterielle verdiar (attributtar)
type locality
"Type lokalitet" for alle fjordar verda rundt. (Grønland, Island, USA, Chile, New Zealand mv)
Understrekar området sin internasjonale verdi som referanseområde for dette geologiske fenomenet.
Kjelde til informasjon: Sjå samanliknande analyse s 15-16 I søknaden, samt IUCN sin evaluering av søknaden (2005)
record of the postglacial isostatic rebound
Området dokumenterer på ein særleg tydeleg måte landheving og tilhøyrande landformer skapt under siste istid. (eit betydningsfullt geologisk dokument)
key areas for the scientific study
Området har særleg verdi sidan det er eit nøkkelområde for forsking på ustabile fjellsider og tilhøyrande geofare
key areas for the scientific study
Området har særleg verdi sidan det er eit nøkkelområde for forsking på ustabile fjellsider og tilhøyrande geofare
least affected by human activity
Graden av inngrepsfriheit har betydning. Ikkje fritt for inngrep men færre enn i andre fjordar. (magasin/regulerte vatn og infrastruktur er nemnt som døme på inngrep det er færre av enn i andre område).
Kjelde til informasjon: Kart som viser INON
Integritet, vern og forvaltning
the boundaries
Det ligg fagleg argumentasjon og vurderingar bak avgrensinga som etter ei grundig evaluering vart vedteke av Unesco. (Konsekvensar for verdsarvverdiane skal utgreiast om tiltak utafor grensa vil kunne påverke verdiane innafor verdsarvområdet. Kommunane bør legge inn omsynssoner i arealplanane som sikrar at dette vert gjort.)
legislation
Passande lov- og regelverk må være på plass for å ivareta verdiane.
staffing
Det må finnast tilstrekkelege personressursar for å ivareta verdiane
budget
Naudsynt budsjett må være på plass
institutional structures
Naudsynte institusjonar må være på plass og samarbeide. (NB. lokal forvaltning innført etter at området blei innskreve)
management plan
Området må ha ein forvaltningsplan som adresserer forvaltningstema og sikrar verdiane for framtida.
Kjelde til informasjon: Forvaltningsplanar for delområda
guidelines for activities to preserve the Outstanding Universal
Området må ha ein forvaltningsplan som rettleier arbeidet med ivaretaking av verdsarvverdiane
monitoring system
Eksisterande opplegg med overvaking av miljøet må utviklast vidare.
Kjelde til informasjon: Framade artar kartlagt (Geirangerfj.)
institutional structures
Naudsynte institusjonar må være på plass og samarbeide. (NB. lokal forvaltning innført etter at området blei innskreve)
tourism management plans
Verknaden av intenst besøkstrykk er avgrensa grunna kort sesong og konsentrert cruiseturisme. Passande turismeforvaltningsplanar er viktige verktøy for å ivareta verdsarven både frå naturbasert turisme og cruise/ferjer.
Kjelde til informasjon: Besøksstrategiar. Sjå også IUCN rådgjevande rapport (stor auke etter innskriving).
environmental impact assessment (mining and quarrying)
Bergverks- og gruvedrift som var der på innskrivingstidspunktet (2005) vart akseptert, men uroa Unesco.
All utviding av gruvedrift eller underjordisk uttak av stein, inkl. infrastruktur, skal gjennom ei utgreiing av konsekvensar for verdsarven (alle delverdiane) før det eventuelt vert gjeve løyve/konsesjon.
Unesco ynskjer ikkje gruvedrift i verdsarvområde.
environmental impact assessments (geohazards)
Konsekvensar for verdsarven av tiltak knytt til rassikring og førebygging må greiast ut detaljert før eventuelle tiltak vert iverksett, slik at ein ivaretek verdsarvverdiane.
Risk-preparedness plans
Plan for risikohandtering er viktig for dette verdsarvområdet sine eineståande universelle verdi
long-term protection
Langsiktig lovheimla reguleringar og vern skal være på plass, og Naturmangfaldlova ivaretek dette.
Kjelde til informasjon: (arb med marint vern i sørområdet pågår)
County, Municipal and Local Development Plans
Kommuneplanar som sikrar omsynet til verdsarvverdiane skal være på plass