Forvaltningsplanar for Vestnorsk fjordlandskap - begge delområde

I Vestnorsk fjordlandskap inngår fleire verneområde med eigne verneforskrifter og forvaltningsplanar. Desse er sentrale for å ta vare på natur- og landskapsverdiane som også er ein del av grunnlaget for verdsarvstatusen.

Forvaltningsplanane for verneområda tek utgangspunkt i verneforskriftene og verneformålet for det enkelte området. Planane utdjupar og konkretiserer korleis verneforskriftene skal praktiserast, og gir retningslinjer for mellom anna skjøtsel, bruk, tilrettelegging og andre tiltak innanfor verneområda.

Forvaltninga av verdsarven må samtidig sjå verneområda i ein større samanheng. Forvaltningsplanane og verneforskriftene må derfor sjåast saman med anna relevant lovverk og kommunalt og regionalt planverk, og med dei overordna måla for å ta vare på verdiane i Vestnorsk fjordlandskap.

Vi arbeider no med ein felles forvaltningsplan for heile Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. 

Verneområde Geirangerfjordområdet - føresegner, kart og faktaark