Vestnorsk fjordlandskap og dei framifrå universelle verdiane (OUV)

Vestnorsk fjordlandskap er eitt av dei fremste døma i verda på dramatiske fjordlandskap. Området består av to delar: Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet. I 2005 fekk Vestnorsk fjordlandskap verdsarvstatus og er eitt av berre 240 naturområde (2026) på UNESCO si verdsarvliste.

Vestnorsk fjordlandskap kort fortalt

Kva?
UNESCO verdsarvområde med nokre av dei fremste døma på fjordlandskap i verda.

Kvar?
Norge, to delområde – Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet – som saman utgjer Vestnorsk fjordlandskap.

Kvifor?
Fordi landskapet har framifrå universell verdi: Det viser på ein særleg tydeleg måte korleis fjordlandskap blir forma, og har natur- og landskapskvalitetar i verdsklasse.

Og kva betyr det?
At Norge har teke på seg eit internasjonalt ansvar for å ta vare på desse verdiane og føre dei vidare til framtidige generasjonar.

.............................................................................

Kva er verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap?

Vestnorsk fjordlandskap er eit naturarvområde på UNESCO si verdsarvliste. Det betyr at det først og fremst er naturverdiane som ligg til grunn for verdsarvstatusen.

Området omfattar fjord, fjell, fossar, elvar, brear, skog og kulturlandskap. Her finn vi svært tydelege spor etter dei geologiske prosessane som har forma fjordlandskapet gjennom istider og fram til i dag.

Geirangerfjorden og Nærøyfjorden blir rekna som klassiske døme på fjordlandskap. Dei djupe og smale fjordane, dei bratte fjellsidene, fossane og fjella skaper samtidig eit landskap med heilt særskilde natur- og landskapskvalitetar.

Det er denne kombinasjonen som gjer området spesielt: Her kan vi både sjå korleis eit fjordlandskap er blitt til, og oppleve eit landskap som blir rekna blant dei mest framståande fjordlandskapa i verda.

Kvar ligg verdsarvområdet?

Vestnorsk fjordlandskap består av to geografisk skilde område: Geirangerfjordområdet ligg på Sunnmøre og omfattar Geirangerfjorden og delar av områda rundt. Nærøyfjordområdet ligg lenger sør og omfattar Nærøyfjorden og omkringliggjande fjord- og fjellområde.

Det er om lag 120 kilometer mellom dei to delområda. Likevel er dei éin og same verdsarv. Dei utfyller kvarandre og viser til saman eit særleg komplett bilete av det vestnorske fjordlandskapet.

Verdsarvområdet er stort – til saman om lag 1 227 kvadratkilometer.

Kvifor er Vestnorsk fjordlandskap verdsarv?

For å kome på UNESCO si verdsarvliste må eit område ha verdiar som er så viktige at dei ikkje berre har lokal eller nasjonal betydning, men betydning forheile menneskeslekta.

Dette blir kalla framifrå universell verdi, ofte forkorta OUV etter det engelske Outstanding Universal Value.

Vestnorsk fjordlandskap oppfyller to av UNESCO sine kriterium for naturarv:

Eit framifrå døme på korleis jorda og landskapet er forma (kriterium viii): Geirangerfjord- og Nærøyfjordområda viser på ein særleg tydeleg måte korleis isbrear og andre geologiske prosessar har forma fjordlandskapet. Fjordane blir rekna som klassiske og svært godt utvikla døme på denne typen landskap.

Eit naturområde med heilt særskild landskapsskjønnheit (kriterium vii): Dei tronge fjordane, dei høge og bratte fjellsidene, fossane, elvane, breane, biologisk mangfald og fjella skaper eit landskap som UNESCO vurderer som eitt av dei mest framståande fjordlandskapa i verda.

Det er desse verdiane som er sjølve grunnlaget for verdsarvstatusen – og som forvaltninga skal ta vare på.

Kva er UNESCO verdsarv?

Verdsarvkonvensjonen vart vedteken av UNESCO i 1972. Tanken bak er enkel: Nokre verdiar er så viktige at vi har eit felles ansvar for å ta vare på dei – også for dei som kjem etter oss.

1 273 natur- og kulturskattar er vurderte til å ha framifrå universell verdi og er derfor førte opp på UNESCO si verdsarvliste (august 2026). Verdsarven omfattar både kulturarv, som bygningar, bymiljø og kulturminne, og naturarv, som naturområde og landskap. Nokre verdsarvområde har både natur- og kulturverdiar.

Av dei 1 273 stadene på verdsarvlista er 240 naturområde. Vestnorsk fjordlandskap – Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er eitt av desse. Området er dermed del av ein verdsarv som verdssamfunnet har vurdert som så verdifull at han har betydning for heile menneskeslekta.

Når eit område får verdsarvstatus, tek landet på seg eit særleg ansvar. For Norge inneber det å identifisere, verne, bevare og formidle verdsarven og overføre han til framtidige generasjonar.

Kva betyr verdsarvstatusen for forvaltninga?

Verdsarvstatusen betyr ikkje at området skal stå urørt eller at all utvikling stoppar. Det bur og arbeider menneske i og rundt Vestnorsk fjordlandskap, og områda er viktige for mellom anna landbruk, reiseliv, friluftsliv og lokalsamfunn.

Men verdsarvstatusen betyr at vi må vite kva verdiar vi har fått ansvar for, og ta omsyn til desse når vi planlegg, forvaltar og utviklar området.

Eit nytt tiltak er derfor ikkje berre eit spørsmål om kva som er praktisk eller ønskjeleg lokalt. Vi må også spørje:

Kan dette påverke verdiane som gjorde at området fekk verdsarvstatus?

Spørsmålet er grunnleggjande spørsmål i all forvaltning av Vestnorsk fjordlandskap.

Verdsarvverdiane (OUV) i originaltekst - norsk

Originaltekst i norsk omsetting, dersom forskjellar er den engelske teksten for Outstanding Universal Value gjeldande.

Kort samandrag

Dei sterkt dramatiske landskapa i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er usedvanlege i storleik og prakt i eit land med spektakulære fjordar. Liggande sørvest i Noreg, er desse fjordane blant dei lengste og djupaste i verda, og varierer i breidd frå berre 250 meter til 2,5 kilometer. Ordet «fjord», som har norsk opphav, viser til eit langt og djupt innløp frå havet mellom høge klipper, danna ved at ein isbreforma dal vart fylt med sjøvatn. Desse to vestnorske fjordane blir rekna som klassiske og komplementære døme på dette fenomenet, ein slags typelokalitet for fjordar som framleis viser aktive geologiske prosessar.

Tallause fossar og frie elvar, lauv- og barskogar, brevatn, isbrear, karrige fjell og ei rekkje andre naturlege trekk gjer samla Geirangerfjorden og Nærøyfjorden til nokre av dei mest storslåtte landskapa i verda. Området omfattar 1227,12 km2, der 107,46 km2 er sjø. Dei to fjordane ligg 120 km frå kvarandre. Dei er ein del av det vestnorske fjordlandskapet som strekkjer seg 500 km frå Stavanger i sør til Åndalsnes i nordaust. Fleire busette bygder og dalar finst langs fjordane innanfor grensene til området og supplerer landskapet (utan å dominere) med spor etter menneskeleg historie, noko som gir området ytterlegare verdi.

Kriterium (vii): Geirangerfjorden og Nærøyfjorden blir rekna som nokre av dei mest storslåtte fjordområda på kloden. Den framifrå naturlege skjønnheita kjem av dei smale og bratte krystallinske fjellveggene som reiser seg opp til 1400 meter rett frå Norskehavet og går 500 meter under havnivå. Langs dei stupbratte fjordveggene finst tallause fossar, medan frie elvar renn gjennom lauv- og barskog frå brevatn, isbrear og karrige fjell. Området har òg ei stor breidd av naturfenomen, både på land og i sjø, som undersjøiske morenar og marine pattedyrRestar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.

Kriterium (viii): Dei vestnorske fjordane er klassiske, framifrå utvikla fjordar, rekna som typelokalitet for fjordlandskap i verda. Dei er samanliknbare i storleik og kvalitet med andre fjordar på verdsarvlista og skil seg ut ved klima og geologisk setting. Området viser heile spekteret av dei indre segmenta av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda, og gir godt utvikla døme på ung, aktiv glasiasjon under istida i pleistocen. Dei is- og bølgjeslipte overflatene på dei bratte fjordsidene gir framifrå eksponerte og samanhengande tredimensjonale snitt gjennom berggrunnen. Spora etter den postglasiale isostatiske hevinga av jordskorpa og dei geomorfologiske elementa i fjordlandskapet er viktige og representerer nøkkelområde for vitskapleg studie av skredfare og tilhøyrande georiskar.

Integritet
Dei to fjordområda inkluderer alle trekk som typisk kjenneteiknar eit fjordlandskap og dets geologiske utvikling. Dette omfattar djupe bergbasseng som når langt under havnivå, markerte bergtersklar, høge og bratte klipper, skredspor og skredavsetningar, morenar, lausmassar, hengande dalar,  agnor-dalar (danna ved elvefangst), isbrear, elvar, fossar og kringliggjande fjell- og nedbørsområde. Kvar fjord har ulik morfologi og geologi og viser eit ulikt spekter av geomorfologiske trekk. Til saman kan Nærøyfjorden og Geirangerfjorden vise fram dei fleste trekk som ein kan vente av eit fjordlandskap og dets geologiske utvikling i sin naturlege samanheng. Grensene for området er godt definerte for å verne dei geologiske trekka og områda som trengst for å oppretthalde opplevingskvalitetane. Lovverk, bemanning, budsjett og institusjonelle strukturar er tilstrekkelege for å sikre integriteten.

Av dei 200 fjordane langs vestkysten av Noreg er Nærøyfjorden og Geirangerfjorden minst påverka av menneskeleg aktivitet som vasskraftutbygging og infrastruktur. Peridotitt blir i dag broten utanfor, men nær Geirangerfjord-komponenten av området, og det finst planar om eit nytt brot i nærleiken. Desse påverknadene er lokale, og restaurering vil skje når uttaket opphøyrer. Underjordisk uttak av anortositt skjer i Nærøyfjord-området, og dette kan auke i framtida. Sjølv om det ikkje ligg direkte ved fjorden, har anlegget visuell påverknad sett frå vegen i Nærøydalen.

Vern og forvaltningskrav
Det meste av området er verna som IUCN kategori V «Verna landskap», og fleire små område innanfor dette er kategori I «Strengt naturreservat». Lovverket i naturmangfaldlova gir langsiktig vern av heile spekteret av naturverdiar. Private eigedomar utgjer 85 % av området, men busette delar er nøye regulerte under plan- og bygningslova og mekanismar som fylkes-, kommune- og reguleringsplanar.

Eit effektivt forvaltningssystem inkluderer rådgjevande komitear og eit forvaltningsråd som møtest jamleg for å leggje til rette for nødvendig samarbeid og koordinering. Ein «intensjonserklæring» signert av alle relevante nasjonale etatar og fylkeskommunar, kommunar og statsforvaltarar skisserer samarbeidsmekanismar og «garanterer at verdiane i området vil bli tekne vare på».

Ein omfattande forvaltningsplan tek for seg målsetjingar og retningsliner for aktivitetar for å bevare den framifrå universelle verdien på lang sikt. Det eksisterande overvåkingssystemet må vidareutviklast.

Turismepresset er stort i begge fjordane, men påverknaden er avgrensa då dei fleste besøkande kjem med cruiseskip i ein kort sesong. Gode turismeplanar er viktige verktøy for langsiktig vern av den framifrå universelle verdien.

Gruvedrift og underjordisk steinbrot er ei utfordring, og utviding av desse aktivitetane vil ikkje bli tillate utan konsekvensutgreiing. Dette skal sikre at eventuell påverknad, inkludert eksport av massar og behov for infrastruktur, ikkje påverkar den framifrå universelle verdien.

Georiskar er ei utfordring for busette område og eksisterande infrastruktur innanfor området. Dersom fleire tiltak for å verne liv skal gjennomførast, må detaljerte konsekvensutgreiingar gjerast for å sikre løysingar som er kompatible med den framifrå universelle verdien. Beredskapsplanar integrerte i den overordna forvaltningsplanen er avgjerande for dette området.

Kva er Framifrå Universell Verdi - OUV?

Erklæringa om framifrå universell verdi (på engelsk Outstanding Universal Value - OUV) forklarer kvifor Vestnorsk fjordlandskap har verdsarvstatus, og kva verdiar som må takast vare på.

Erklæringa byggjer på vedtaket om å føre Vestnorsk fjordlandskap inn på UNESCO si verdsarvliste i 2005. Ho skildrar verdiane og dei konkrete eigenskapane i landskapet – kalla attributtar eller delverdiar – som er viktige for verdsarven. Desse må takast vare på for at området skal behalde sin framifrå universelle verdi.

Dersom viktige verdiar eller attributtar blir svekte eller går tapt, kan det få konsekvensar for verdsarvstatusen. I alvorlege tilfelle kan eit område bli ført opp på lista over verdsarv i fare, og i siste instans miste verdsarvstatusen.

Kvifor er akkurat Vestnorsk fjordlandskap verdsarv?

UNESCO nyttar ti kriterium for å vurdere kva stader som kan få verdsarvstatus. Vestnorsk fjordlandskap er innskrive på verdsarvlista på grunnlag av to kriterium for naturarv (forenkla versjon):

Kriterium (vii) – eineståande natur og landskap
Området har eineståande naturfenomen, naturleg skjønnheit og estetisk verdi. Dei tronge fjordane og bratte fjellsidene, saman med mellom anna fossar, fritt rennande elvar, skog, bresjøar, brear, fjell og marine og terrestriske naturfenomen, dannar eit dramatisk fjordlandskap med heilt særskilde landskapskvalitetar. Historiske spor etter menneskeleg bruk tilfører landskapet ein kulturell dimensjon som kompletterer naturverdiane.

Kriterium (viii) – historia om korleis landskapet vart til
Området er eit framifrå døme på fjordlandskap og geologiske prosessar som viser korleis landskapet har utvikla seg. Verdiane er mellom anna knytte til spor etter istidene, berggrunn og landformer, brear og vassdrag og aktive geologiske prosessar som erosjon, forvitring og ras. Vestnorsk fjordlandskap har også internasjonal verdi som referanseområde for fjordlandskap.

Den framifrå universelle verdien til Vestnorsk fjordlandskap handlar dermed særleg om det storslåtte fjordlandskapet, den naturlege skjønnheita og dei geologiske prosessane som har forma landskapet. Desse verdiane er grunnlaget for verdsarvstatusen – og det vi har eit særleg ansvar for å ta vare på.

Framifrå Universelle Verdiar (OUV) delt inn i kriterium, verdiar og delverdiar